SNØSONG

Snøsong
det å sitja og sjå på eit fjell
gjer meg godt
hjarta blir roleg
og snøen på eit fjell
lyfter andletet mitt mot ein stad
inne i den skimrande snøen...
- Jon Fosse

Snøsong er ei forestilling som skildrar augeblikk frå eit enkelt liv i ei fjellbygd.
Verket byggjer på Jon Fosse si diktsamling Stein til stein - 39 dikt og 1 salme.
Utøvarane tek oss med til eit abstrakt fjellandskap, der tåka ligg tett og det er kvitt så langt auga kan sjå.
Thomas Eriksson sin musikk er nær naturen og kan skildre stilla, det melankolske og det vakre.
Med mjukt og melodisk fingerspel skapar han ei verd der ein kan ein sjå for seg
og høyre korleis sola skin ein kald vintermorgon.
Dei mange tradisjonsdansane utgjer pilarane når fjellets melankolske skjønnheit møter Fosse sine dikt. Blomlie i fri utfalding dansande i hallingtakt, frigjer krafta som ligg i fjellets majestetiske rike.
Vidare inn i ein varsom vals på snøkledde toppar, melankoli i tretakt,
på ein drøymande stig gjennom valdresspringaren si ville rørsle.

Brigitte Blomlie
Thomas Eriksson


Photo: Frederick Khile

Previous
Previous

Entré Sorti